Du er her: Forside -> Borgund vgs - > Spenning i kvardagen på elektro!


Spenning i kvardagen på elektro!

Publisert den 14.02.2019 av Borgund Times

Ei av linjene kor det er høgast søking til Borgund vgs, er elektrolinja. Her får du informasjon om kva denne linja inneheld og moglegheiter vidare.

Vi har framover tenk å presentere dei ulike linjene på Borgund vgs, her er den første. I dette innlegget skal vi fokusere på korleis det er å gå elektrolinja og kva løp du kan velje etter vg1.

Der det heile startar

Vg1: Elektrofag

Vg2: Elenergi, automasjon eller dataelektronikk

Vg3: Automasjon, dataelektronikk eller lærling.

DET DU LÆRAR OM


·  installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system

·  reparasjon av elektrisk utstyr

·  om energiproduksjon og energiforsyning

·  om utvikling av nye elektroniske produkt

·  sikkerheit og dokumentasjon

EIGENSKAPAR EIN BØR HA


·  nøyaktig og systematisk

·  praktisk anlagt og ha godt handlag

·  serviceinnstilt og ha ein logisk tenkemåte

·  kreativ og ha godt fargesyn

DU KAN BLI

·  elektrikar, elektroreparatør eller energioperatør

·  tavle-, signal eller heismontør

·  avionikar eller flymekanikar

·  romteknolog, data- eller produksjonselektronikar

·  automatikar eller FU-operatør

·  kulde- og varmepumpemontør

ARBEIDSPLASSAR

·  offentlege eller private bedrifter

·  prosess- eller elektronikkindustrien

·  mekanisk industri, energiverk eller jernbanedrift

·  data-, fly- eller oljebransjen

VIDARE UTDANNING


·  Du kan ta vidare utdanning på fagskule. Ein fagskuleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er beregna for dei som har gått yrkesfag.

·  Du kan ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse

– etter Vg2 eller

– etter oppnådd yrkeskompetanse.

Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskule eller universitet. Husk at nokon studie, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studie, krev at du har visse realfag.

Følg med for fleire presentasjonar av dei ulike linjene på Borgund!