Du er her: Forside -> Arrangement på skolen - > Malaikadagen 2018


Malaikadagen 2018

Publisert den 13.12.2018 av Borgund Times

Malaikadagen er eit skuleprosjekt Borgund Vgs deltek i, saman med Haram, Ulstein og Spjelkavik Vgs for å samle inn midlar til å byggje ein barnelandsby.

Barnelandsbyen som vi saman skal byggje heiter ¨Malaika Childecare Villages¨, og ligg i byen Voi. Her skal barn med sårbare bakgrunnar få moglegheit til å skape si ega framtid. Gjennom dette prosjektet skal vi gi barn utdanning, veileding og trygge omgivingar i livet.

North- South Partnership AID er organisajonen bak ¨Malaika Childcare Villages¨. Dei har blitt tildelt ei 400mål stor tomt av lokale bønder i Voi, dette er tomta barnelandsbyen skal byggjast på. Barnelansbyen skal bestå av ei rekke tun med ni hus i kvar ¨klynge¨. I kvart hus vil det ver plass til åtte barn og ei ¨mor¨, noko som igjen vil seie at det skal ver plass til 72 barn per tun. 


 

 

Kvifor valte fjorårets elevråd å bytte ut OD-dagen, med dette nye prosjektet?

Dei valte å bytte ut OD-dagen men Malaikadagen fordi i dette nye prosjektet hjelp vi barn inn i nye og trygge omgivingar, der dei i tillegg kan få god utdanning og oppseding. Ved å gi desse barna ein ny start og hjelpe dei å skaffe seg ei positiv framtid, kan dei i seinare tid hjelpe andre barn. 

I forbindelse med Malaikadagen blei to elevar, Hanna Sætreås Kristoffersen og Mia Tørlen sendt til Kenya saman med viserektor Jørgen Ljoså. Der fekk dei, saman med representatar frå dei andre skulane meir informasjon om prosjektet, og i tillegg føle på kroppen dei store kontrastane som er mellom Noreg og Kenya og innom Kenyas egne landegrenser.

Korleis blei det valt ut kven som skulle fare?

Alle som ville kunne søkje seg til å vere ein av dei heldige som fekk fare, men Hanna og Mia var dei to som til slutt kom seg gjennom og fekk reise til Kenya.

Var det noko som overraska under turen?

Mia fortalde at før dei for til Kenya måtte dei gå på malariateblettar og ta vaksine for hepatitt A og B, gulfeber og hjernehinnebetennelse. Under turen opplevde dei mykje spennande og trist. Dei besøkte dei store slummane i Nairobi og derifrå kunne dei sjå opp på dei høge skyskraparane. Ein familie som budde i summen hadde ei inntekt på rundt 10kr dagen. Med dei 10 kronene skulle dei skaffe nok mat til heile familien og betale husleige, men pengane strakk ikkje til. Mange hadde difor utkastingsvarsel der dei budde. Det er i tillegg vanskeleg for innbyggjarane i Kenya å skaffe seg jobb, for viss ein ville ha jobb må ein betale for den. Elles på turen var dei på safari og fekk sjå mange av savanna sine fantastiske dyr. I tillegg fekk dei oppleve gleden som er blandt mange av  menneska i Afrika.


Borgund Vgs har no gått inn ei femårskontrakt med North-South Partnership AID, noko som vil sei at Malaikadagen er eit prosjekt skulen kjel til å halde fram med dei neste åra framover. Etter årets Malaikadag var det håpt at alle elevane ven Borgund Vgs skulle skamle inn nok pengar til å byggje eit hus i barnelandsbyen. Målet for North-South Partnership AID er å få flytta ein familie til den nye barnelandsbyen allerede neste år.



Kjelder
https://www.nsp-aid.com/sider/prosjekter/barnelandsby-i-kenya/262/
intervju med Mia Tørlen
bilete henta frå Borgundvgs instagram