Du er her: Forside -> Arrangement på skolen - > Høg motorføring på bilfagdag!


Høg motorføring på bilfagdag!

Publisert den 07.03.2019 av Borgund Times

I februar var det bilfagdag hos TIP. Då kunne elevar ta ein tur innom bilhallen, for å spørje ut lærarar, lærlingar og opplæringsansvarlige i bedrifter.


Denne dagen hadde Borgund Vgs invitert opplæringsansvarlige i bedrifter og tidlegare elevar som er lærlingar til å ta ein tur innom skulen, for å vise dei noverande elevane litt meir om bilbransjen. Bilfagedagen var for alle elevane på TIP i tilleg til elevane på elektro som ønskjer å ta eit kryssløp til Vg2 kjøretøy. Meininga med denne dagen var å vise Vg2 elevar korleis dei lettare kan kome i kontakt med dei forskjellige opplærlingsbedriftene som er i Ålesund. Elles var det også meininga at Vg1 og Vg2 skulle kome i kontakt med noverande lærlingar, som kanskje kunne svare på spørsmål dei lurte på. 


TIP fekk besøk av fem forskjellige bedrifter; Brages Bilforetning, Volvo Ålesund Bil, Auto 88 Vestlandske, Møller bil og Norsk Scania. Alle bedriftene hadde tatt med seg forskjellige kjøretøy, og hallen var full med bilar i tillegg til at det stod eit førarhus av ein trailer der. Alle elevane som var innom, kunne også delta på ein quiz, og forsyne seg med nystekte vafler.


Kva synes du om denne dagen?

Vi spurde ein av elevane om korleis denne dagen hadde vore. Og eleven svarar; - Eg synes det er eit bra tiltak for oss som gjeng bilfagutdanninga. Vi får snakke med diverse bedrifter og spørje opplæringsansvarlige alt vi lurer på. Og som ein bonus får vi i tillegg lov til å gå her å sjå på nye dyre bilar.


Korieis er det å vere lærling?

Ein av lærlingane som var på fagdagen, kunne fortelle oss litt om det å vere lærling; - Det å jobbe som lærling er veldig kjekt og lærerikt. Når det kjem til å vere lærling i bilfaget, gjeld det å vere over middels interessert i faget. Det er mykje å lære, noko som krev mykje konsentrasjon, lærelyst og eigeninitiativ. Det å jobbe som lærling gjer det i tillegg lettare å få fast jobb etter lærlingtida. Gjennom læretida får bedriftene innsikt i kva personar vi er, og om vi er noko å ta vare på i seinare tid. Om du gir eit inntrykk gjennom desse to åra, viser initiativ og at læringskurva di stig er sjansen for å få ein fast jobb større.


2års lærling på lett kjøretøy, Helene Mathisen, og 1års lærling Johan Rafeseth på tung kjøretøy, er begge kome til bilfagdagen for å svare på spøsmål og engasjere elevar til å velje lærling innom det spennande faget.

Følg med Borgund Times for meir spennande informasjon om kva som skjer på skulen vår!